Dei tre kongedøma i Kina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)
Xià-dynastiet
Shāng-dynastiet
Zhōu
Vår- og haustannaltida Austlege Zhōu
Dei stridande statane
Qín-dynastiet
Vestlege Hàn Hàn
Xīn
Republikken Kina (Táiwān)

Dei tre kongedøma (tradisjonell kinesisk 三國, forenkla 三国, pinyin Sānguó) er ein periode i kinesisk historie som varte frå rundt 220 til 280.

Dei tre kongedøma i 262 over eit riss av dagens Kina.

Keisarriket Kina var etter at Han-dynastiet fall delt i tre større rike: Wei i nord, Wu i sør, og Shu eller Shu Han i vest. Perioden enda med at Wei først erobra Shu og under Jin-dynastiet også overvann Wu i 280.

Både dei siste åra til Han-dynastiet og tida under dei tre kongedøma var blodig og dramatisk. Medan folketeljingar frå slutten av Han-dynastiet omfatta oppimot 50 millionar innbyggjarar i 9,7 millionar hushald, var tala frå Jin-dynastiet berre ein femtedel av dette – 2,5 millionar hushald med 16 millionar innbyggjarar. Medan tapet i hushald og folketal spegler borgarkrig og uro, viser det også til at svært mange truleg hadde forsvunne frå direkte keisarleg kontroll, og i staden høyrde til mektige familiar.[1]

Dei tre kongedøma har inspirert drama og litteratur i Kina, Japan, Korea og Vietnam. Soga om dei tre kongedøma av Luo Guanzhong og ei rekkje andre historiske romanar, legender, syngespel, filmar og fjernsynsdrama er knytt til perioden.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  1. Rafe de Crespigny, «The Three Kingdoms and Western Jin: A history of China in the Third Century AD», Internet edition 2003. Opphavleg publisert i East Asian History [ISSN 1036-6008], pp. 1-36, & no. 2 [December 1991], pp. 143-164.
Spire Denne historieartikkelen som har med Kina å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.