Iran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
جمهوری اسلامی ایران
Jomhuri-ye Eslami-ye Iran
(Den islamske republikken Iran)

(norsk: Iran, iransk)

Det iranske flagget Det iranske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Sorood-e jomhoori-e eslami»
Motto Esteqlāl, āzādī, jomhūrī-ye eslāmī (farsi: Sjølvstende, fridom, den islamske republikken
Geografisk plassering av Iran
Offisielle språk Farsi, azeri , kurdisk, luri, gilaki, baluchi
Hovudstad Teheran
Styresett
Islamsk republikk
Ali Khamenei
Mahmoud Ahmadinejad
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 648 195 km² (17.)
0,7 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
82 021 564 (16.)
49,8 /km² (129.)
Revolusjon
11. februar 1979
Nasjonaldag Nyttår, nauroz, 20-21. mars
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 382 000 mill. USD (19.)
18 500 USD (72.)
Valuta Rial
Tidssone UTC +3
Telefonkode +98
Toppnivådomene .ir


Iran, før 1934 kalla Persia, er eit land vest i Asia, i Midtausten. Det grensar til Pakistan og Afghanistan i aust, Turkmenistan, Aserbajdsjan og Armenia i nord og Tyrkia og Irak i vest. Iran har kystlinje langs Persiabukta og Omanbukta i sør og mot Kaspihavet i nord.

Iran er eit land utan ein titulær hovudgruppe på grunn av ein etnisk sett svært samansett folkesetnad, med eit kulturelt og lingvistisk mangfald som er sameint under ein nasjonal identitet basert på standardisert farsi som fellesspråk.[1] Dette inkluderer ti folkegrupper, mellom desse persarar, kurdarar, lurarar, bakhtiararar, gilakarar, masendaranarar, arabarar, balutsjarar, aserbajdsjanarar og turkmenarar.[1]

Historie

Det moderne Iran har røter tilbake til Persarriket som blei til på 500-talet og dekte Iran, Afghanistan, Tyrkia, Tadjikistan og tilstøytande område. Etter tre forsøk klarte Alexander den store å erobra det, men riket fekk snart sjølvstende igjen. Muslimske styrkar fekk herredøme over landet på 600-talet, og blei seinare følgde av seldsjukane og mongolske erobrarar.

På 1500-talet blei landet igjen fritt, styrt av eigne sjahar eller kongar. Landet kom under press frå både Russland og Storbritannia på 1800-talet, og ei tid med modernisering tok til. Reformønske førte til den iranske grunnlovsrevolusjonen frå 1905 til 1911.

I 1953 blei den iranske statsministeren Mohammed Mossadeq avsett gjennom eit komplisert kupp dei britiske og amerikanske etterretningstenestene stod bak («Operasjon Ajax»), truleg fordi Mossadeq var i ferd med å nasjonalisera dei iranske oljeressursane.

Demokratiet blei bytta ut med monarki, og sjahen Mohammad Reza Pahlavi blei stadig meir diktatorisk. Han moderniserte industrien i landet med sterk støtte frå USA og Storbritannia, men undertrykka òg folket sitt ved hjelp av tortur og andre brot på menneskerettane. I 1979 gjorde iranarane opprør, og etter over eit år med strid blei Iran til ein islamsk republikk etter ei folkerøysting. Ayatollahen Ruhollah Khomeini blei ny statsleiar.

Politikk

Iran er ein totalitær islamsk republikk med eit politisk system sett opp i grunnloven frå 1979. Landet har fleire styringsorgan, der representane til nokre av dei folkevalde og andre handplukka ut frå religiøse kriterium.

Lovane blir laga av eit folkevald parlament som ikkje kan vedta dei uavhengig, men sender lovforslaga til Vaktarrådet som undersøker at desse ikkje strid mot sjaria.[2]

Geografi

Kart over Iran

Det iranske landskapet er prega av røffe fjellrekkjer som deler ulike basseng eller platå frå kvarandre. Dei folkerike områda i vest har mest fjell med rekkjer som Zagrosfjella og Elburzfjella. Det høgste punktet i Iran, Damavand på 5607 moh, ligg i Elburzfjella. I aust er det i hovudsak aude ørkenbasseng med nokre saltsjøar.

Langs kysten mot det Kaspihavet og ved den nordlege enden av Persiabukta er det sletter. Mindre, usammenhengende sletter finst langs resten av Persiabuktkysten, Hormuzsundet og Omanbukta.

Provinsar

Iran har 30 provinsar (ostan-haa, eintal: ostan):

IranNumbered.png

Klima

Iran har hovudsakleg tørt klima eller steppeklima. Iran ligg mellom to større havområde, og er omkrinsa av høge fjell. Det kalde asiatiske høgtrykket bølgjer sør og nord i løpet av vinteren, og temperaturane kan bli både høgare enn 15 °C og lågare enn -20 °C. Lågtrykk kjem frå Middelhavet om lag ein gong eller to i veka frå januar til mars, og gjev litt regn eller snø. Det meste av landet har likevel mindre enn 250 mm nedbør i løpet av eit normalt år. Når dei nordlege områda møter vêrfrontar frå Asia kan kysten av Kaspihavet, og særleg dei vestlege områda, få mykje gråvêr. Enkelte område her har meir enn 100 nedbørsdagar og ein normal årsnedbør på meir enn 2000 mm.

Det indre platået, inkludert Teheran, har stort sett nordvestleg vind om sommaren og i forhold til høgde over havet er dette området eit av dei varmaste i verda. Fukta er som regel låg, bortsett frå kysten av Persiabukta, som har like høg fukt og temperatur som Kuwait og Qatar, og har eit subtropisk klima. Dei lågareliggande områda mot sørvest, ved grensa til Irak, er enno varmare.

Økonomi

Økonomien er ei blanding av sentral planlegging, statseigde olje-selskap og andre store selskap, jordbruk styrt av landsbyar og små private handels- og service-foretak.

Iran er den nest største oljeprodusenten i OPEC. Landet har 10 % av verdas kjende oljereservar og verdas nest største naturgass-reservar (etter Russland).

Demografi

Innbyggjarane i Iran høyrer til fleire ulike folkegrupper. Det finst ikkje offisielle tal, men Library of Congress har estimert tilhøvet mello dei til 65 % persarar, 16 % aserbajsdjanarar, 7 % kurdarar, 6 % lurarar, 2 % arabarar, 2 % balotsjarar, 1 % turkmenarar, 1 % tyrkiske stammegrupper og andre, til dømes armenarar, assyrar og georgiarar, som utgjer mindre enn 1 %.

Språk

Majoriteten av folket i Iran snakkar eit av dei iranske språka, men berre persisk er offisielt språk, og er morsmålet til fleirtalet av innbyggjarane. Det nest største språket i Iran er det tyrkiske språket søraserbajdsjansk, som er førstespråket til omkring 23,5 millionar menneske (1997), eller om lag ein tredel av folketalet. 22 millionar snakkar persisk, 3,265 millionar snakkar mazandarani og omtrent like mange snakkar gilaki. Kurdiske språk blir snakka av til saman seks og ein halv million kurdarar, fordelt på 3,25 millionar sentralkurdisktalarar, 3 millionar sørkurdisktalarar og 350.000 nordkurdisktalarar. Av semittiske språk talar kring 1,4 mill. arabisk. Ethnologue reknar opp til saman 77 språk for Iran, av dei 51 med informasjon om talarar. 13 av språka har meir enn 1 million talarar. I tillegg til dei som er lista opp ovanfor vert det tala turkmensk, qashqai, nordluri, domari, bakhtiari og sørluri.

Religion

Dei fleste iranarar er muslimar. 89 % høyrer til den sjiaislamske grein av islam, som er offisiell statsreligion. Rundt 10% høyrer til den sunniislamske greina, som dominerer innan den muslimske verda. Ikkje-muslimske religiøse minoritetar i Iran inkluderer bahá'í, parsisme, jødedom og kristendom.

Kultur

Iran er ein antikk sivilisasjon der kulturen er samlingspunktet og hjarta. Kunsten, musikken, arkitekturen, diktinga, filosofien, tradisjonane og ideologien til dette landet gjer iranaren til ein stolt verdsborgar. Iranarar trur deira kultur er den einaste grunnen til at den persiske sivilisasjonen har overlevd samanhengande gjennom fleire tusen år med mange katastrofar.[treng kjelde]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «The World Factbook — Central Intelligence Agency». Arkivert frå originalen 2012-02-03. Henta 31. mars 2017. 
  2. Lars Dønvold-Myhre (18. mai 2018). «Amnesty mener Per Sandbergs kjæreste skjønnmaler Irans regime». NRK. Henta 5. august 2018. 

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Iran