Dromedar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dromedar
Tamdromedar i Marokko.
Tamdromedar i Marokko.
Utbreiing
Utbreiinga av dromedar
Utbreiinga av dromedar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kamelfamilien Camelidae
Slekt: Kamelar Camelus
Art: Dromedar C. dromedarius
Vitskapleg namn
Camelus dromedarius

Dromedar (Camelus dromedarius) tilhøyrer slekta kamelar (Camelus) og er eit stort, drøvtyggande klovdyr med lang hals, lange lemmar og ein enkelt ryggpukkel. Namnet «dromedar» kjem frå gresk gjennom latin og er avleidd av dromas som tyder 'løpar'.

Forvilla dromedar i New South Wales i Australia.

Dromedaren er eit viktig husdyr[1] i Sahara, Arabia og delar av Asia. Han har også vore brukt i Spania, Italia, Amerika og Australia.

Dyra kan både brukast til riding og som trekk- og lastedyr. Dromedaren blei truleg temd av nomadar frå Arabia, og kan ha vore i bruk som husdyr allereie i steinalderen i Nord-Afrika. Det finst ingen ville dromedarar att, men i Australia lever det rundt ein million forvilla dromedarar.[2]

Kjelder

  1. Wilson & Reeder (red.) Mammal Species of the World, 2005, Camelus dromedarius
  2. «Camel fact sheet». DSEWPaC. 2009. Arkivert frå originalen den 2011-08-06. Henta 2011-08-06. 

«dromedar» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dromedar
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.