Berit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Berit og Beret er kvinnenamn avleidde av Birgitte, ei nordisk form av irsk Brigantia, 'borg eller fjell med høge, bratte sider' eller 'strålande'. Berit har namnedag den 7. oktober.

Både «Berit» og «Beret» var vanlege namn i Noreg på 1700-talet. I nyare tid har «Berit» vore blant dei mest brukte jentenamna i tida frå rundt 1925 til 1965.

Berit er i Noreg ofte brukt saman med andre førenamn. I 2005 var dei vanlegaste samansetjingane Anne Berit/Anne-Berit, Liv Berit og Inger Berit.

Namneberarar

Kjelder